Hurtigbåten "Nordic Lady" er sett inn i:
2012-01-27
Under innseiling til Småge torsdag kveld gjekk MF Vengsøy på grunn. Det vart ein del skadar, men ikkje vanninntrenging. Skadane er så alvorlege at MF Vengsøy må på verkstad. Som kjent er MF Kvaløy på verft i Kristiansund for å utbetre manøvreringseigenskapane, truster m.v. Det forventast at MF Kvaløy vil gå inn igjen i ruta i løpet av 2 til 3 døgn. MF Vengsøy vil bli slippsett så snart som råd. I perioden utan ferje vil hurtigbåten "Nordic Lady" frakte passasjerar etter oppsett ruteplan. For meir informasjon kan "Nordic Lady" kontaktast på tlf. 416 88 020. For meir informasjon www.torghattennord.no/
Søknadsfrist 10.februar 2012
2012-01-27
2012-01-27
Frå 1.februar 2012 vert det utført ID-kontroll, mottak av innflyttingsmeldingar og søknad om skattekort berre ved utvalde skattekontor. Det inneber at alle som skal melde innflytting og alle som skal ha skattekort må møte personleg på skattekontoret. I Møre og Romsdal er det ved kontora i Ålesund, Molde og Kristiansund. Grunnen til den nye organiseringa er å auke sikkerheita, slik at antal falske identitetar vert redusert.
Ledig omsorgsbustad nær Sandøyheimen
2012-01-23
Søknadsfrist: 6. februar 2012
Merknadsfrist 29.februar 2012
2012-01-17
Reguleringsplan for Måsvikremma syd er lagt ut til offentleg ettersyn i tidsrommet 18.01.2012 - 29.02.2012. Merknader sendast Sandøy kommune, 6487 Harøy
Merknadsfrist 5. mars 2012
2012-01-03
NVE har motteke konsesjonssøknad om planlegging av eit vindkraftverk på Harøya.Søknaden er lagt ut til offentleg ettersyn.
Silsethytta i vinterferien
2012-01-16
Friluftsrådet i Møre og Romsdal inviterer born i 5.-8. klasse til friluftscamp.
Her kan du hente unike folkehelseprofilar for Sandøy kommune
2012-01-13
Folkehelsearbeid er samfunnet sin samla innsats for å styrkje faktorar som fremjar helsa, reduserer faktorar som medfører helserisiko og beskyttar med ytre helsetruslar. Vidare skal folkehelsearbeidet bidra til ei jamnare sosial fordeling av faktorar som påvirkar helsa.