Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
1867 - 2007, Sandøy kommune fyller 140 år 2006-10-04
Paal Gåsøy, eller Paul Knudsen Gaasø som kyrkjebøkene skriv namnet hans, Sandøy kommune sin første ordførar, ville nok ha sett med undring på kva han var med på å legge grunnlaget for, då han saman med sine politiske kollegaer 6. april 1867 gjennomførte det første kommunestyremøtet i den nyproklamerte kommunen.
At vi no kan sjå tilbake på ei 140 år lang historie, skal ikkje gå heilt upåakta hen.

 

Sigrid Sandøy  Programmet for 140-årsmarkeringa er enno ikkje heilt spikra med omsyn til arrangement og datering. Så følg med på denne sida og aktivitetskalenderen utetter året.
 
Akvarellen er måla av Sigrid Brunvoll                                                                                                                                              
                                                                                                                                                                          
                                                                                                                                 
                                                                                                                   
  
 Nokre idear som helt sikkert eller sannsynlegvis vert sett ut i livet……..
Avduking av Paul Knudsen Gaasø si byste med seremonielt tilbehør
Eit tablå i samband med eit kommunestyremøte som gjenskapar det første kommunestyremøtet, 6. april 1867
Forteljarkveld med lokalhistorisk tilsnitt – sant og usant.
Presentasjon og smaksprøve av lokalhistoriske og til dels gløymde matrettar
Kyrkjekonsert med lokale songar, salmar, dikt og lyrikk
Jubileumskonsert i regi av Sandøy kulturskule
Historievandring i regi av sogenemnda
Ungdomsjubileum i regi av Ungdommens kommunestyre og Maritimt aktivitetssenter
Avduking av Vermastra på Ona
     …..med meir
 
Slik gjekk det til at Sandøy kommune vart sjølvstendig
 
1867 var ikkje noko merkeår på noko vis, anten ute eller her heime. Ikkje for andre enn folket i Sandøy, for frå 1. januar 1867 vart denne vesle øybygda i havet utfor Romsdalsfjorden skild ut frå Aukra, og fekk status som eige herad.
Næraste tida både før og etter var merkeleg nok på sitt vis, med hendingar som skaka verda opp så ristingane nådde langt ut, og jamvel inn i heimane på dei ytste holmane i skjergarden vår.
 
I 1864 hadde Prøyssen og Austerrike vendt den veldige krigsmakta si mot Danmark, tvinga det i kne og rive til seg Slesvik og Holstein. Karl XV som var gift med ei dansk kongedotter, ville ha Noreg og Sverike med seg til hjelp for Danmark, og hadde samle ein hær i Skåne, klar til å gripa inn. Men Riksdag og Storting sa nei.
 
Den 3. juli 1866 vart Austerrike slege ut i det blodige slaget ved Køniggrätz i Bøhmen, Prøyssen kom inn i rekkja mellom fremste stormakter, og gjekk straks i gang med å førebu krigen mot Frankrike til å grunleggja det tyske keisardømet. Denn krigen kom i 1870.
Det kan sjå låtteleg ut å dra fram slikt i samband med at eit mest ukjent lite øyrike ute i Onahavet sleit seg laus og vann ”fridom og sjølvstende” som dei sjølve kallar det. Men i dei krinsane som helten i dette eventyret kom inn i på ferda til kongen i Stockholm, der var venteleg desse storhendingane viktigare enn alt anna nett då.
Tidenda om slaget ved Køniggrätz må ha nådd fram til riksstyret i Oslo og Stockholm og til Kongen, nett i den tida Pål kom til dei og skulle bera fram saka for den vesle heimbygda si. Det må ha vore samtaleemne med mange han råka opp i, på skyss-skifte og i jarnvegsvogner.
Kunne det vera lett for han å få dei til å bry seg om noko så endelaust lite i den øsinga som då rådde i riksstyrekrinsane og i kongsgarden? Sume av vanskane han hadde på ferda, har lagt seg på minnet i folketradisjonen som enno lever om ferda hans.
 
Ei folkerørsle vart skandinavismen aldri her i landet. Det er vel rettare å seie at det var ei høgmælt stemningsbåre som reiste seg i grunnbrotet med prydelege skumskavlar inn i fjøresteinane og la seg til kvile i taren. Den verkelege folkerørsla i tida var ei vaknande nasjonalkjensle, med jordfaste mål i strev for fullt sjølvstende utetter og sant folkestyre innetter, med rom, rett og vokstervilkår for alt sernorsk i framtak for kultur og timeleg velferd.
For øybuane i Sandøy var lausrivinga frå hovudsoknet Aukra den fyrste dagsnære oppgåva, songen om ”det trekløvde nord” berre eit brimbrot ute i havranda.
Då Pål Gåsøy la ut på ferda, hadde dette strevet gått på i minst 6 år. Han laut venta seg at både byråkratane som han skulle møte og tinga med, og Kongen sjølv var morgongretne etter den skandinaviske draumenatta som dei nyss hadde tura seg igjennom....
Karl XV var ein folkeleg mann, og Pål vart svært vel motteken. Kongen las gjennom dei papira han hadde med, m.a. eit frå Dick som var sokneprest i Aukra den gongen. Det mona visst godt.
Så gjorde han sjølv greie for ærendet sitt og la ut om grunnane for søknaden. Og då seremonien var slutt og Pål gjekk ut frå kongeborga den sumardagen i 1866, var det med kongeleg underskrift og sjølvstyrebrev for folk i Sandøy.
Fiskarbonden og fiskarbøndene hadde vunne fram med saka si beint imot tverr motstand frå eit aristokratisk embetsvelde.