Årsfesten 2011 for tilsette i Sandøy kommune
Fredag 9.desember var tilsette i Sandøy kommune samla til årsfest på Finnøy Havstuer. Her finn du nokre bilde frå festen.

25 år i Sandøy kommune si teneste
Årsfesten er ein arena for heidring og markering av tilsette som har brukt ein vesentleg del
av sitt yrkesaktive liv i Sandøy kommune - eit 25 års jubileum.
Ordførar og rådmann er ansvarleg for seremonien og heidringa.
I år mottok desse diplomet: Edel Pedersen ved SFO Harøy skole og
Tone Elisabeth Flatøy ved Omsorgsteneser i lag med ordførar Hans Endre Sæterøy.

Forpliktande spesialgevinst
Kvart år vert det lodda ut ein gevinst som forpliktar. I år var gevinsten ein ”førstereistur” med den nye ferja ”Kvaløy” i rute 32. Turen går føre seg 1.januar 2012. Vinnaren vart Robert Coates. Han må ta bilder frå turen og kome med referat på årsfesten i 2012.

Sykkelvinnar 2011
Randi Hatlehol vart årets vinnar av sykkelen. Ho må avlegge rapport på festen 2012 om bruken av sykkelen.

Damegruppa ”Mjuke stemmer”
Den nystarta damegruppa gledde oss med flott sang. Gruppa hadde fått assistanse av Sindre Hopland. Han hadde ei flott framføring av ”O, helga natt”.
