Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Abortsøknad - før tolvte svangerskapsveke

Abortlova gjev deg rett til å krevje abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka (84 dagar). Søknad om å få utført abort framset du gjennom ein lege som tilviser deg til det sjukehuset der inngrepet skal utførast. Legen skal informere deg om korleis inngrepet blir gjennomført og om eventuelle komplikasjonar som kan oppstå. Du treng ikkje å grunngje valet ditt, og du vel sjølv om du vil motta rettleiing eller råd.

Legen skal også gje deg informasjon om den støtta samfunnet gjev om du ønskjer det.

Kriterium/vilkår

Kvinna sjølv tar den endelege avgjerda, såframt inngrepet kan skje før utgangen av den tolvte svangerskapsveka og tungtvegande medisinske grunnar ikkje talar mot det.

Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Stiftelsen Amathea - gratis veiledning
helsenorge.no - abort
Serviceerklæring
Regelverk

Lover
Lov om svangerskapsavbrudd (abortloven) § 2 (om informasjon)

Forskriftar
Forskrift om svangerskapsavbrudd (Abortforskriften)

Retningslinjer
Om reservasjon for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten (rundskriv)
Praktiske opplysningar
Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy