Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Adressetildeling

Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til

  • bustadformål
  • fritidsformål
  • næringsverksemd
  • offentleg verksemd

Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal den som er registrert eigar eller festar informerast og få høve til å uttale seg. Kommunen tildeler adresse eller endrar adresse når det er nødvendig, for eksempel

  • når ein skal endre tilkomstvegar
  • oppføre nye bygg
  • det er vanskeleg å finne fram til ei adresse

Adressa skal om mogleg knyttast til den vegen eller gata eigedommen har tilkomst frå.

Ein eigar kan i spesielle tilfelle vende seg til kommunen dersom han/ho ønskjer å endre adressa på eigedommen sin.

Kommunen fastset skrivemåten på namnet.

Målgruppe

Eigedomseigarar

Kriterium/vilkår

Adressetildelinga skal omfatte bygningar som blir brukte til bustadformål, fritidsformål, næringsverksemd eller offentleg verksemd.
Eigarens høve til å få endra ei adressetildeling er avgrensa. Det vil normalt berre skje dersom kommunen har gjort ein feil eller dei faktiske forholda har endra seg (eigedommen har fått hovudtilkomst frå ei anna gate enn tidlegare).
 

Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk

Lover
Matrikkellova kap. 4
Stadnamnlova § 5

Forskriftar
Matrikkelforskriften kap. 12
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om å endre adresse.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageretten er avgrensa til a) kva for ei gate, ein veg eller liknande ein bygning eller eigendom skal ha adresse til, b) kva for eitt adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa og c) feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.