Nærare 600 deltakarar frå 80 kommunar med gjensidig vedtak om kommunesamanslåing, samlast denne veka på Værnes og Gardermoen for å arbeide med arbeidsrettslege spørsmål og gode medvirkningsprosessar. Følg seminaret på nett.

Korleis bør ein håndtere omorganisering og overtallighet i ein samanslåingsprosess? Når bør leiar- og nøkkelstillingar være på plass?

Korleis jobbe med å byggje felles organisasjon, kultur og korleis sørger vi for gode medvirkningsprosessar i eksisterende og inn i ny kommune?

Dette var tema då vi måndag 23. januar opna dørene til Scandic Hell Hotell på Værnes for over 200 deltakarar frå 26 kommunar med gjensidig vedtak om kommunesamanslåing.

Tema fekk også stor interesse på Gardermoen 25. januar, der nærare 400 deltakarar frå 54 kommunar møttast for å ta fatt på same tema. I løpet av to tettpakka dagar var ordførarar, andre folkevalgte, rådmenn, andre leiarar, hovedtillitsvalte og hovedverneombud samla for å dele erfaringar. I tillegg til å diskutere viktige arbeidsrettslege spørsmål som vil dukke opp i ein slik prosess, arbeida deltakarane med kommunikasjon og ulike styringsdokumenter i prosjektorganiseringa.

Følg seminaret på Gardermoen her: https://www.youtube.com/watch?v=vx5KmgxqZDk