Avlasting |
|
Har du omsorgsoppgåver som gjer at du har behov for avlasting? Kommunen kan til dømes gje avlasting i form av heimehjelp, dagtilbod eller avlastingsopphald på sjukeheim. Avlastinga skal gje deg rom for normal fritid, høve til å reise på feriar og tid til å halde fast ved det sosiale nettverket ditt.
|
Målgruppe
Den som yter omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande
|
Kriterium/vilkår
Du skal ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellomt dei momenta ein kan ta omsyn til, er desse:
- om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
- om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
- om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen
Det er kommunen som i samarbeid med deg bestemmer kva tenester ein skal gi.
|
Pris for tenesten
Tenesta er gratis.
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Håndbok om helse- og sosialtjenesten i kommunen
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova.
Lover Forvaltningsloven Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
Forskriftar Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting.
|
Søknadsfrist
Inntaksnemnda har møte kvar torsdag.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
|
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.
Inntaksnemnda som tildelar tenester, har møte kvar torsdag.
|
Høve til å klage
Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande kan klage på avgjerda. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
|