Avløysarordningane i jordbruket |
|
Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket. Tilskott kan gjevast til avløysing ved mellom anna
- ferieavvikling
- sjukdom
- svangerskap/fødsel/adopsjon
- følgje av sjukt barn til behandling
- dødsfall i nær familie
Tilskottet kan gjevast for å dekkje faktiske utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren. Avløysaren må vere minst 16 år og kan ikkje ha næringsinntekt frå føretaket eller vere ektemake/sambuar til ein som har næringsinntekt frå føretaket.
|
Målgruppe
Landbruksføretak
|
Kriterium/vilkår
Tilskot kan gjevast føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon dersom verksemda er registrert i Einingsregisteret og
- er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak, eller
- har hatt ei samla omsetning og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 i løpet av dei siste 12 månadene før registreringsdato
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Jordlova §§ 3, 18
Lover Jordlova
Forskriftar Forskrift om tilskot til avløysing
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan fylle ut eit eige søknadsskjema fastsett av Statens landbruksforvaltning (sjå nedanfor). Skjemaet kan du også få ved å vende deg til kommunen.
|
Skjema
Skjema for avløysartilskott, ferie og fritid er det same som det ordinære søknadskjemaet om produksjonstilskott. Sjå eige skjema for avløysartilskott ved sjukdom. Statens landbruksforvaltning har gjort denne elektroniske tenesta tilgjengeleg i Altinn. Hvordan logge deg på SLFs elektroniske tjenester i Altinn? Tilskudd til avløsning ved ferie og fritid og ved sykdom
|
Vedlegg
Avhengig av kva for type avløysing det er snakk om, sjå forskrift om tilskott til avløysing under Lover og retningsliner.
|
Søknadsfrist
Frist for søknad om tilskott til avløysing ved ferie og fritid er 20. januar året etter at avløysinga har skjedd. Ved langvarig sjukdom eller ved svangerskap/fødsel kan ein søkje så ofte søkjaren ønskjer det, f.eks. kvar andre månad. Den seinaste fristen for å levere søknader er tre månader etter den siste dagen i søknadperioden som gjev rett til tilskott. For nærmare avklaring, kontakt kommunen.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Søknad sendast til kommunen, som gjer vedtak i saka. Tidspunkt og retningsliner for utbetaling av tilskottet - sjå søknadsskjemaet, ev. ta kontakt med kommunen.
|
Saksbehandlingstid
Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
|
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.
|