H ul 5YIP JhYAAAAABJRU 5ErkJggg==

 

Søknad på barnehageplass gjerast elektronisk via Oppvekstportal https://sandoy.ist-asp.com/NO01546-pub/login.htm

Har du ikkje høve til å søkje elektronisk, kan du ta kontakt med Sørvistorget på rådhuset eller styrar i Harøy barnehage.

 

Søknadsfrist for hovudopptak er 01. mars 2019.

 

Alle barn under skulepliktig alder har rett til barnehageplass etter følgjande vilkår:

  • barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november 2019
  • barnet må vere busett i Sandøy kommune
  • det må søkjast innan fristen 01. mars 2019

 

Vi oppmodar om å søkje til hovudopptaket dersom det er ønskje om seinare oppstart.

 

Vi gjer merksam på at retten til plass gjeld ved oppstart i august for barn som fyller eitt år innan utgangen av august, og ved oppstart den månaden barnet fyller eitt år for barn fødd i september, oktober og november.

 

Berre nye søkjarar og dei som ønskjer endra opphaldstid treng å

sende inn søknad.

 

NB!

I samband med at kommunane Sandøy, Ørskog, Skodje, Haram og Ålesund skal slåast saman til Nye Ålesund kommune frå 01.01.20, vil det kome endringar i vedtekter og prisar frå 01.01.20.

For opptak i barnehage og SFO i 2019 vil Sandøy kommune sine vedtekter for barnehage og SFO gjelde. Det samme gjeld for prisar fastsett i Sandøy kommune sitt betalingsregulativ.

Frå 01.01.20 vil den nye kommunen sitt betalingsregulativ gjelde.

For opptak f.o.m. 01.01.20 vil den nye kommunen sine vedtekter gjelde.

 

Eining for oppvekst og kultur