Oppvekstportal

Kommunen skal i samsvar med §§ 8 og 12 a i Barnehageloven med forskrifter sørgje for at rett til barnehageplass vert oppfylt. Rett til barnehageplass føreset at ein søkjer plass ved hovudopptak og innan fristen kommunen har satt, samt at ein er busett i kommunen. Retten til plass føreset vidare at ein tek imot plassen frå det tidspunkt retten er gjeldande. Hovudopptak av barn vert gjort ein gong i året og supplerande opptak elles når det er ledig kapasitet . Det same gjeld for endringar i opphaldstid. Frist for søknad til hovudopptak er 1.mars

Permanent oppseiing av ein barnehageplass eller søknad om endring av opphaldstid gjer ein gjennom oppvekstportalen. Føresette kan søkje om auke i opphaldstid i løpet av barnehageåret. Føresette kan redusere eller seie opp plassen med 2 månaders varslingsfrist. Foreldrebetalinga gjeld i oppseiingstida. Dersom ein plass seiast opp etter 1.mars, må ein betale for resten av barnehageåret.

 

Har du ikkje høve til å søkje elektronisk, kan du få hjelp til dette på Sørvistorget på Rådhuset eller i Harøy barnehage.

For meir informasjon sjå:

Barnehagelova http://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-06-17-64?q=barnehageloven

Vedtekter for barnehagen i Sandøy http://www.sandoy.kommune.no/barnehage.74483.nn.html