Tenesta arbeider for å finne fram til løysingar som kan rette på forholda i samarbeid med foreldra og/eller andre aktuelle instansar.

Barnevernet gir hjelp og tenester til barn og unge i alderen 0-18 år og familiane deira. I nokre tilfelle, ved samtykke av barnet sjølv, kan hjelp bli gitt inntil barnet har fylt 23 år.

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Vi legg vekt på å finne årsakar til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Ikkje ver redd for å ta kontakt med oss. Terskelen for å ta kontakt for å få råd og rettleiing skal vere låg. Det er viktig for oss å arbeide førebyggande. Barneverntenesta har teieplikt.

 

Kontaktinformasjon:    

Telefonnummer: 55 55 33 33/90 70 80 70

Postadresse:      NAV Sandøy, Barnevern, Postboks 23, 6487 HARØY

Besøksadresse: NAV Sandøy

 

Barneverntenesta i Sandøy kommune har ikkje kriseberedskap etter opningstidene på kontoret. I akuttsituasjonar utanom arbeidstid kan du kontakte:

Politiet: Tlf. 02800, legevakt: Tlf. 116117 eller Alarmtelefonen for barn og unge: Tlf. 116111

 

Lenkjer

Lovdata, barnevernlova

Alarmtelefonen for barn og unge www.116111.no

Barnevernvakten.no

Sunnmøre Krisesenter

Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)

fosterheim.no

Familievernkontoret i Ålesund

Rettigheiter og klager som gjeld barneverntenesta