Sandøy kommune har tatt i bruk eit system for befolkningsvarsling. Sandøy kommune vil bruke systemet i samband med mulege krisehendingar og til driftsmeldingar, t.d. innanfor VAR-området. Meldingar vil bli sendt som SMS eller som talemelding på fasttelefon (til dei som ikkje er registrert med mobiltelefon) til befolkninga i Sandøy kommune.

Informasjon om befolkningsportalen finn du som lenkje . Der kan bedrifter og enkeltpersonar registrere opplysningar om seg sjølve i høve til tilrettelagt varsling. Dette gjeld både for fastbuande og eigarar av fritidsbustadar, som ikkje har fast bopel i kommunen. Varslingssystemet baserar seg på opplysningar frå folkeregisteret i Sandøy kommune. Vi oppfordrar dei som har fleire telefonar registrert på bedrifter, eller på enkeltpersonar i familiar om å gå inn på befolkningsportalen og oppdatere den informasjonen som er registrert. Dette for å sikre at informasjon når ut til alle som treng den og hindre unødig varsling.

Vi gjer merksam på at det som vil bli meldt via dette systemet vil vere hendingar som har konsevens for kommunen si levering av tenester til befolkninga, og vil såleis som hovudregel ikkje gjeld gjelde meldingar som vedkjem tredjepartar, som t.d. opplysningar om fergetrafikk m.m.

Lenkje til informasjon og korleis endre oppføring