Sandøy kulturskule - betalingssatsar

--
Gjeldande betalingssatsar vart vedtekne av kommunestyret i desember 2010. Satsane gjeld frå 01.01.2011. Fakturering blir gjort på etterskot, slik at motteken faktura gjeld føregåande semester.
Elevbetaling: kr. 2250 pr. år (kr. 1125 pr. semester)
Søsken moderasjon 20%: kr. 450 pr. år (kr. 225 pr. semester og gjeld frå søsken nr. to og vidare) *
Instrumentleige: kr. 300 pr. år (kr. 150 pr. semester – gjeld alle miniinstrument)
Sal av elevplassar til korps: kr. 1800 pr. år (kr. 900 pr. semester) **
Sal av dirigentteneste: kr. 185,- pr. time
Anna sal: fullkost
Lærebøker: kulturskulen sin innkjøpspris
--
* Foresatte som også er elev ved kulturskulen får ikkje søskenmoderasjon. Ein elev som nyttar fleire tilbod har ikkje rett på moderasjon. Moderasjonen framgår som fråtrekk frå ordinær elevsats på fakturaen.
** Alle korpsmedlemmar i grunnskulealder har elevplass ved kulturskulen, men det er skulekorpset som betalar for tenesta og er dermed teknisk sett å rekne som foresatt for desse timane.
