Kven er du? Kvar kjem du frå? Finn røtene dine og plassen din i slekta. Leit i omlag 2500 namn med slekstgreiner til Sandøy, nabokommunane, heile landet og utlandet.

 
Korleis levde generasjonane før oss? Bli med på ei spanande ferd i familiehistoriene gjennom daglegdagse, morosame, gripande, dramatiske og tragiske hendingar. Få innblikk i korleis liv og lagnad i Sandøy var innvovne i hendingar og omstende i den regionale, nasjonale og internasjonale omverda. Sjå korleis busetnad og næringsvegar har endra seg gjennom hundreåra.
 
Busetnadssoge for Sandøy er ei kystkulturhistorie som inneheld gardshistorie, familiehistorie, slektshistorie og grendehistorie. Boka er rikt illustrert med mellom anna gamle fotografi, kart, teikningar og akvarellar.
 
Boka er i sal frå 20. november og kan kjøpast hos:
 
Sandøy kommune, Sørvistorget
Brun og Blå keramikkverkstad, Ona
Bok og Papir, Brattvåg
Bok og Media AS, Molde
Ark Dahl, Molde
Ark Roseby, Molde
Bok og Media AS, Moa
 
Pris kr 800,-. 

Busetnadssoge for Sandøy, framside band 2