Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Einingar og tenester > Sørvistorget > Bustønad, lån og tilskot til bustad > Bustadtilskot til etablering

Bustadtilskot til etablering

bustøtte  .bmp
Bustadtilskotet skal medverke til at husstandar med svak økonomi skal kunne få nøkterne og eigna bustader. Målgruppa vil vere bustadlause, rusmisbrukarar, funksjonshemma, flyktningar og andre spesielt vanskelegstilte. Ordninga er strengt behovsprøvd i forhold til økonomisk situasjon. Berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få bustadtilskot. Saksbehandlar i kommunen kan gje nærare orientering.
 
Søknaden:                          Skriftleg på fastsett søknadsskjema.  Skjema får du ved sørvistorget.
Vedlegg:                              Kan vere kopi av kjøpekontrakt, teikningar/skisse, legeerklæring/sosialrapport
                                              el.l.,dokumentasjon på inntekt og formue
Rettleiing:                            Sørvistorget kan gje nærare rettleiing om ordninga
Søknadsfrist:                      Ingen særskilt, fortløpande behandling
Behandling:                        Skriftleg melding om vedtaket. 
                                              Tinglysing av pant før utbetaling ved tilskot over kr 40.000.
Aktuell lenkje:                    http://www.husbanken.no/