Bustadtilskott til etablering |
|
Bustadtilskotet skal medverke til at husstandar med svak økonomi skal kunne få nøkterne og eigna bustader.
|
Målgruppe
Bustadlause, rusmisbrukarar, funksjonshemma, flyktningar og andre spesielt vanskelegstilte. Ordninga er strengt behovsprøvd i forhold til økonomisk situasjon. Berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få bustadtilskot.
|
Kriterium/vilkår
Bustaden skal vere nøktern, både når det gjeld storleik og kostnader. Vidare skal bustaden vere godt eigna for ei eventuell funksjonshemming.
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Forskriftar Forskrift for klagenemnda for Husbanken Forskrift om boligtilskudd fra Den Norske Stats Husbank
Retningslinjer Husbankens retningslinjer for boligtilskudd
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Søknaden skal skrivast på skjema HB 7.S.13. Blanketten får du frå kommunen eller Husbanken (sjå nedanfor).
|
Skjema Søknad om startlån, tilskot til etablering og tilpassing
|
Vedlegg
- Uttale om forventa inntektsutvikling over tid
- Kopi av likningsutskrifta frå det siste året
- Oppgåve over eventuell eigenkapital (kontantar, bankinnskott eller verdiar som ein kan frigjere gjennom sal av bustad eller anna)
- Sosialrapport, legeerklæring eller annan dokumentasjon av den særleg vanskelege situasjonen til husstanden
- Teikningar/skisse av aktuell bustad, evt. kjøpekontrakt
|
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Saksbehandlingstid
Kommunen/Husbanken har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom ein ikkje kan få eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det blir gjort eit vedtak.
|
Høve til å klage
Klagen må sendast tre veker etter at du mottok vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette eventuelt med nye opplysningar.
|