Bustadtilskott til tilpassing |
|
Det kan gjevast bustadtilskott til tilpassing av bustad til heil eller delvis dekking av nødvendige meirkostnader ved spesialtilpassing av bustaden. Tilskottet kan givast til mindre utbetringar av dagens bustad, oppføring av ny bustad og i samband med kjøp av bustad. Ein kan også gje tilskott til garasje, dersom Rikstrygdeverket har gitt stønad til kjøp av bil.
|
Målgruppe
Husstandar med minst éin medlem som er
- funksjonshemma
- sosialt vanskelegstilt
|
Kriterium/vilkår
Personar med nedsett funksjonsevne. Tilskottet blir gjeve etter ei vurdering av både dei særskilde behova søkjaren har for tilpassing og av den samla økonomien i husstanden.
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
Samarbeidspartnarar
Husbanken
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Lover Husbankloven
Forskriftar Forskrift om boligtilskudd fra Den Norske Stats Husbank
Retningslinjer Husbankens retningslinjer for boligtilskudd
|
| Praktiske opplysningar |
Skjema Søknadsskjema får du ved sørvistorget
|
Vedlegg
- Kostnadsoverslag frå byggjefirma el.l.
- Utskrift av likning for husstanden for dei to siste likningsåra
|
Søknadsfrist
Ingen søknadsfrist
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom ein ikkje kan gjere eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
|
Høve til å klage
Klagenemnda i kommunen er klageinstans. Klagen må sendast tre veker etter at du mottok vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette eventuelt med nye opplysningar.
|