Bygdeutviklingsmiddel |
Bygdeutviklingsmiddel som blir reserverte til dette formålet gjennom jordbruksavtalen, skal leggje til rette for verdiskaping i jordbruket, desentralisert busetjing og like vilkår for kvinner og menn.
Den einskilde gardbrukar kan søkje om middel til:
- Etablerarstipend (oppstart av tilleggsnæring)
- Bedriftsutvikling (vidareutvikling av tilleggsnæring)
- Investeringar (bl.a. opprusting og nyinvestering i driftsbygningar og bygningar for tilleggsnæring)
- Generasjonsskifte (nødvendige tiltak i driftsbygningar osv. i samband med generasjonsskifte)
- Praktikantordningar
|
Målgruppe Landbruksføretak og føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket. |
Kriterium/vilkår Søknaden blir vurdert ut frå dei fylkesvise retningslinjene som er utarbeidde av Innovasjon Noreg. |
Samarbeidspartnarar Fylkesmannen utarbeider den regionale strategien for bygdeutviklingsmidla. Denne strategien dannar igjen grunnlag for dei fylkesvise retningslinjene som distriktskontora til Innovasjon Noreg utarbeider. |
| Regelverk |
Forskriftar Forskrift om midler til bygdeutvikling
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Informasjon om tenesta kan du få ved å vende deg Innovasjon Norge sine kontor i Møre og Romsdal, Ålesund eller Molde |
Skjema Søknadsskjema fra Innovasjon Norge
|
Vedlegg Prosjektplan/forretningsplan |
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy |
Sakshandsaming Kommunen tek imot søknaden, gjer ei vurdering og sender han vidare til distriktskontoret til Innovasjon Noreg, som avgjer søknaden. |
Saksbehandlingstid Innan ein månad etter at Innovasjon Noreg har motteke søknaden, skal søkjaren få eit mellombels svar der det går fram kven som er saksbehandlar, og kor lang saksbehandlingstid ein må rekne med. |
Høve til å klage Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klageinstansen er klagenemnda til Innovasjon Noreg. Før klagen går til klagenemnda, skal distriktskontoret til Innovasjon Noreg vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klagenemnda. |