Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Byggavfall - kjeldesortering

Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknads- eller meldepliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning.

Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje av dei ulike avfallsfraksjonane som er innleverte.

Etter byggesaksforskrifta § 8-1 skal sluttrapport sendast inn saman med søknad om ferdigattest.

Dette er en test

Målgruppe

Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak

Kriterium/vilkår

Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna

  • nybygg over 300 kvadratmeter bruksareal 
  • riving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter bruksareal
Pris for tenesten
Renovasjonsgebyr
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk

Sjå spesielt kap. 9 (ytre miljø) i byggteknisk forskrift (TEK 10) 



Forskriftar
Forskrift om tekniske krav til byggverk (TEK 10)

Retningslinjer
Avfallsregler i pbl.
Byggavfall - veileder for avfallsprodusenter
Byggavfall - veileder for kommuner
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Ein tilrår å nytte skjemaaa for avfallsplan og sluttrapport (sjå under). I samband med rehabilitering og riving skal det òg utarbeidast ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.
I avfallsplanen gjev du

  • eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
  • ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast
Skjema
Avfallsplan og sluttrapport
Egenerklæring for avfallsdisponering i byggesaker
Vedlegg

Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert.
Dette kan vere

  • ordinær kvittering frå avfallsmottak
  • deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
  • eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)
Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy

Sakshandsaming

For tiltak som både
 

  • krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova og
  • utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing
     

vil behandling av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vere nært knytta opp mot byggjesaksbehandlinga.

Saksbehandlingstid

Vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak

Høve til å klage

Du kan klage dersom du ikkje får godkjenning innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det.