Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon |
|
Det er eit allment byggje- og aktivitetsforbod på privat eigedom i eit belte langs kommunal veg (byggjegrenseavstand). Kommunen kan påleggje å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg. Dette er særleg aktuelt når det gjeld oppføring av bygningar, men det gjeld også hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikta.
Kommunen behandlar og godkjenner søknad om
- dispensasjon frå dei alminnelege byggjegrensene i veglova
- dispensasjon frå byggjegrenser som er fastsette i arealdelen til kommuneplanen eller i reguleringsplan (berre mindre vesentlege endringar)
- løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
- løyve til å strekkje leidning over eller langs veg
|
Målgruppe
Grunneigarar langs offentleg veg, entreprenørar og byggjebransje
|
Kriterium/vilkår
Byggjegrenseavstanden kan vere fastsett i arealdelen til kommuneplanen eller i reguleringsplanen. Er området ikkje regulert eller planen ikkje har byggjegrenser, gjeld dei føresegnene om avstand som står i veglova. Dersom tenesta også er fremja i ein byggjesøknad, blir ho behandla i byggjesaka. Aktivitetsforbodet gjeld nybygging i vanleg forstand, men også alt anna som varig, sesongmessig eller uregelmessig kan førast opp, lagrast eller plasserast innafor forbodsbeltet. Reglane om avstand frå veg varierer med kva slags innreiing det er snakk om. Det avgjerande er kravet til fri sikt og trafikktryggleiksvurderingar elles og behovet for å reservere ein romsleg kanal gjennom landskapet til forskjellige vegformål. Når det gjeld løyve til å leggje leidningar over/under og langs veg, vil avgjerda dreie seg om kor kryssinga skal skje, og om vilkår elles for å gje løyve.
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Sjå veglova §§ 29, 30, 31, 32 og 57
Lover Veglova
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om dispensasjon frå byggjegrensene.
|
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort vedtak i saka.
|
Høve til å klage
Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klagenemnda.
|