Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Einingar og tenester > Sørvistorget > Skatteetaten

Forskottsskatt og arbeidsgjevaravgift

Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), skal du betale utskriven forskottsskatt. Det same kan gjelde dersom du er deltakar i ansvarleg selskap og kan vente del av skattbart overskott frå selskapet. Vidare kan det gjelde personlege skattytarar dersom dei har større inntekter som det ikkje er teke omsyn til i det forskottstrekket dei har i lønnsinntekta. 

Dersom du får utskriven forskottsskatt, får du tilsendt innbetalingsblankettar fire gonger i året. Den forskottsskatten som er utskriven, er utrekna på bakgrunn av likningsresultatet førre året. For at nye enkeltpersonføretak og deltakarar i ansvarlege selskap skal få utskriven forskottsskatt og tilsendt innbetalingsblankettar, må dei melde frå til skattekontoret om verksemda og fortelje kor stort overskott (eller underskott) dei ventar seg det første året.

Betaling skjer til bankkontoen for skatt til skatteoppkrevjaren. Ved utelaten betaling blir det rekna forseinkingsrenter frå forfallet og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, kan skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinnfordring og kostnader kan kome til etter rettsgebyrlova.

Dersom du ikkje er samd i utskrivinga av forskottsskatten, må du sende søknad om endring av utskriven forskottsskatt til skattekontoret. 

Målgruppe

Personar som driv sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), deltakarar i ansvarleg selskap og eventuelt andre skattytarar som får utskriven forskottsskatt

Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Samarbeidspartnarar

Frå 1. januar 2008 er Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret blei samla i éin organisasjon regionalt: skattekontoret.

Skattekontoret fastset kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kemnar/ kommunekasserar) tar seg av innbetalingar og innkrevjing. 

Serviceerklæring
Regelverk

Lover
Lov om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)
Praktiske opplysningar
Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy