Driftsbygning i landbruket |
Skal du føre opp ein driftsbygning på gardseigedomen din, må du søkje kommunen om løyve. Arealet kan vere inntil 1000 m2 bruksareal (BRA). Du må òg søkje om løyve dersom du skal gjere omfattande endringar eller reparasjonar eller du ønskjer å rive bygningen. Det blir òg kravt løyve for å føre opp eit tilbygg til driftsbygningen. Det totale arealet på bygningen inkludert tilbygget kan ikkje overstige 1000 m2 bruksareal. |
Kriterium/vilkår
- Nabovarsling må vere gjort
- Tiltaket må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
- Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
|
Pris for tenesten Byggesaksgebyr 2010Gebyrreglar byggesaksbehandling |
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Statens bygningstekniske etat
|
| Regelverk |
Sjå spesielt plan- og bygningslova § 20-2, kap. 21 (Krav til innhald og behandling av søknaden), kap. 29 (Krav til tiltaket) og byggesaksforskrifta kap. 3.
Lover Forvaltningsloven Plan- og bygningsloven
Forskriftar Forskrift om byggesak
|
| Praktiske opplysningar |
Vedlegg
- Situasjonskart
- Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
- Utgreiing/kvittering for nabovarsling og eventuelle nabomerknader
Kommunen kan krevje meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy |
Sakshandsaming
Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du kan bli misnøgd med vedtaket.
|
Saksbehandlingstid
Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.
Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og fråsegner frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane. Har det kome protestar frå naboar/gjenbuarar, skal kommunen òg behandle saka innan tre veker. I slike tilfelle kan ikkje løyvet reknast for gjeve dersom kommunen ikkje har gjort vedtak innan fristen. |
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje. |