Du er her: Hjem > Einingar og tenester > Sørvistorget > Parkeringsbevis, drosjekort, følgjekort > Drosjekort
Transporttenesta for funksjonshemma - TT-ordninga

Formålet med transporttenesta er å gje funksjonshemma, som er avhengig av dør-til-dør transport, eit tilbod slik at dei kan delta i aktivitetar i nærmiljøet. TT-ordninga skal berre nyttast til fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som vert dekt av folketrygda. TT-ordninga vert administrert av Møre og Romsdal fylke og kommunen.
Søknaden: Skriftleg på fastsett søknadsskjema. Skjema får du ved sørvistorget.
Vedlegg: Legeerklæring
Rettleiing: Sørvistorget kan gje nærare rettleiing knytt til ordninga
Søknadsfrist: 15. april og 15. oktober
Behandling: Søknad om å bli godkjent som TT-brukar vert behandla og avgjort
av ei kommunal godkjenningsnemnd. Godkjenningsnemnda har
følgjande medlemmer: kommunelege, leiar for omsorgstenester og
leiar for sosiale tenester
Aktuell lenkje: http://www.mrfylke.no/Tenesteomraade/Samferdsel/Tenester/Transporttenesta-for-funksjonshemma
For andre ordningar retta mot funksjonshemma –
