Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Eigedomsskatt - krav om omtaksering av eigedomsskatt

Eigedomsskatt blir lagt på eigedommar i kommunen. Det er dei politiske organa i kommunen som bestemmer om det skal innførast eigedomsskatt. Å krevje omtaksering av ein eigedom vil seie at ein i perioden mellom to alminnelege takseringar (som skjer kvart tiande år) ber om at eigedommen blir taksert på nytt.

Målgruppe

Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagt eigedomsskatt.

Kriterium/vilkår

Omtaksering skal skje dersom

  • det har skjedd ei deling av eigedommen
  • bygningar på eigedommen har brunne
  • bygningar er blitt rivne eller liknande
  • det er ført opp nye bygningar på eigedommen med ein pårekna verdi av minst kr 10 000,-
Pris for tenesten

Når skatteytaren krev omtakseringa, skal skattytaren dekkje kostnadene.


Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk

Lover
Eigedomsskattelova § 3

Forskriftar
Byskatteloven § 4, jf. eigedomsskattelova § 33
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kravet om omtaksering skal vere skriftleg og leverast til eigedomsskattekontoret ved skatteoppkrevjaren.
Søknadsfrist
Innan 1. november året før skatteåret
Send søknaden til

Sandøy kommune

Eigedomsskattekontoret

6487 Harøy

Sakshandsaming
Omtaksering blir behandla etter reglane for taksering. Ein kan krevje overtakst på ei omtaksering. Sjå eigen tenesteomtale av overtakst (klage).