Eigedomsskatt

Eigedomsskatt er den einaste skatten som i si heilheit går til kommunen, og som kommunen sjølv har full styring med.

Det er kommunestyret i den enkelte kommune som avgjer om det skal vere eigedomsskatt. I Noreg har det vore skrive ut slik skatt i over 100 år.

I Sandøy kommune har kommunestyret bestemt at det skal skrivast ut eigedomsskatt på bustadeigedommar, fritidseigedommar, våningshus på gardsbruk og naust som ikkje blir benytta til næringsformål i heile kommunen frå og med 2016. Det er antatt salsverdi på eigedommen som er grunnlaget for berekninga av taksten.

For 2016 vil skatten bli 2 promille av taksten som blir fastsett.

Taksering av eigedommar

For bustader tek kommunen utgangspunkt i likningsmyndigheita sitt formuegrunnlag. Bustadane vil difor ikkje bli besiktiga og taksert av kommunen. Fritidseigedommar, våningshus, naust og enkelte bustader som ikkje har formuegrunnlag, vil kommunen taksere på vanleg måte.

Besiktigelse

Eit viktig element i takseringsprosessen er besiktigelse av kvar enkelt eigedom. Besiktigelsen er ein utvendig besiktigelse, og vil skje i februar 2016.

Du treng ikkje vere til stades når eigedommen din blir besiktiga. Dersom du av ulike grunnar ønskjer å vere tilstades, eller kome med innspel til besiktigelsen, må du gi oss melding om dette. Bruk gjerne e-post. Husk å oppgi telefonnummer for kvar vi kan nå deg på dagtid, for å avtale tidspunkt for besiktigelse. 

 

Spørrmål eller innspel til besiktigelsen kan rettast til:

  • Sandøy Kommune, Sørvistorget, tlf: 71277500, mellom kl. 10.00 og 15.30
  • E-post: eigedomsskatt@sandoy.kommune.no
  • Post Adresse: "Sandøy Kommune, Eigedomsskattekontoret, Rådhuset, Steinshamnvegen 112, 6487 Harøy

Heimelshavarar som ønskjer å delta på besiktigelse, må melde frå om dette innan 5. februar 2016.

 

Meir informasjon

I månadsskiftet februar/ mars vil kvar enkelt eigedomsskattbetalar motta ein skattesetel som gir informasjon om skatt og takst. Skattesetelen vil gi informasjon om takseringsmetode og vurderingane som er gjort. Då vil også retningslinjene for kommunen si taksering bli offentleggjort.

I tillegg vil kvar enkelt skattebetalar få informasjon om korleis ein eventuelt kan klage på taksten som er sett. Fristen for å klage på taksten er 6 veker etter at skattebetalar har motteke skattesetelen.

 

Offentleg ettersyn

Samtidig som kommunen sender ut skattesetelen til heimelshavarane, vil alle takstar bli lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker. Servicekontoret vil då vere tilgjengeleg for å svare på eventuelle spørsmål om takst eller skatt.

 

Meir om takseringa

 

Taksten på bustadane tek utgangspunkt i likningsmyndigheitene sitt formuesgrunnlag.

Heimelen for å benytte formuesgrunnlaget som dei statlege skattemyndigheitene brukar for å fastsette likningsverdi, fins i eigedomsskattelova §8C- 1:

Verdisetjing av bustader ved bruk av formuesgrunnlag

(1) Kommunestyret avgjer om eigedomsskatten for bustader skal byggje på verdet (taksten) som vert sett på eigedommen ved likninga året før skatteåret. Skattegrunnlaget for slike bustader ved bruk av formuesgrunnlag

(2) Skattegrunnlaget for bustader vert sett til verdet (taksten) etter skattelovens §4-10 andre ledd multiplisert med 0,67 (Multiplisert med 0,8 i år 2015).

For fritidseigedommar, våningshus og naust blir størrelsen på bygningane vurdert, beliggenheit, standard og kvalitet når taksten blir fastsett.

Grunnlaget for takseringa er referert i eigedomsskattelova §8-A-2:

<<Verdet av eigedommen skal seljast til det beløp ein må gå ut frå at eigedommen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.>>

Det er ein sakkyndig nemnd i kommunen som er ansvarleg for takseringsarbeidet som kommunen gjennomfører. Sakkyndig nemnd er valgt av kommunestyret. Nemnda har utarbeidd retningsliner for takseringa som kommunen gjennomfører. Retningslinene skal sikre mest mogleg likebehandling av eigarane.

Beskrivelse av takseringsmetoden som sakkyndig nemnd benyttar:

Skattetaksten byggjar på:

  • Fakta om eigedommen
  • Skjønnsmessige vurderingar av eigedommen

Faktaopplysningar om adresser, bygninga sin størrelse og tomt blir henta fra Matrikkelen, det nasjonale eigedomsregisteret. I dei tilfella der vi manglar opplysningar om bygningar, blir dette innhenta i forbindelse med besiktigelse av eigedommen.

Skjønsmessige vurderingar tek opp både generelle og spesielle forhold som påverkar eigedomsverdien. Dei spesielle forholda fangar vi opp gjennom besiktigelse av kvar enkelt eigedom.


Politisk behandling

Skattepromille

Det er kommunestyret som fastset størrelse på skattegrunnlag og skattesats. For 2016 har kommunestyret bestemt:

  • Skattesatsen for bustader, våningshus, fritidseigedommar og naust blir sett til 2 promille

 

Fritak frå eigedomsskatt

Kommunestyret har bestemt at nye bustader skal bli friteke frå eigedomsskatt første året etter ferdigstillelse.(§7c i eigedomsskattelova)

For meir informasjon om fritak frå eigedomsskatt, sjå:

www. http://lovdata.no/dokument/NL/lov/1975-06-06-29

 

Annonse informasjon og offentleg ettersyn

I forbindelse med takseringa er det informert i Nordre, Romsdals Budstikke og kommunens heimeside, at kommunen igangset taksering av fritidseigedommar, våningshus, naust og nokre bustadeigedommar.

I forbindelse med offentleg ettersyn av takstane i mars, vil kommunen sende ut skattesetel til kvar enkelt skattebetalar. Skattesetelen gir informasjon om takst og skatt, og om moglegheitene for eventuelt å klage på taksten.

Alle takstar vil bli lagt ut til offentleg ettersyn i sørvistorget i kommunen.

 

 

sakkyndig nemnd.jpg

Bilete av sakkyndig nemnd.