Det er vanleg å frykte at ein overreagerer eller overtolkar bekymringsverdige signal. Mange lurer på om det dei ser kanskje ikkje er alvorleg nok, eller om ei melding kan skape unødige problem. Det er barneverntenesta si oppgåve å vurdere bekymringar, og om hjelp er nødvendig. Di oppgåve er å sørgje for at barneverntenesta får vite om barnet som har det vanskeleg.

Både privatpersonar og offentlege instansar kan melde frå til barneverntenesta om at eit barn kan ha det vanskeleg. Det kan vere foreldre, vennar, naboar, barnehage/skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn treng hjelpetiltak.

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom ei har grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.

Det blir ikkje sett krav om at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.