Etablerarprøven for serveringsverksemd |
|
Etablerarprøven skal sikre at ansvarlege for ein serveringsstad har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som har noko å seie for drifta. Kommunen er ansvarleg for å halde og rette etablerarprøven.
|
Målgruppe
Dagleg leiar i verksemd som har eller søkjer om serveringsløyve
|
Kriterium/vilkår
For å få serveringsløyve må dagleg leiar av staden ha klart etablerarprøven (dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkohollova dersom ein skal skjenke alkohol) og ha god vandel. Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette.
|
Pris for tenesten
For å ta prøva, må du betale eit forskotsgebyr til kommunen på kr 400,-.
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Læremateriell til etablererprøven
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Forskriftar Forskrift om etablererprøve for daglig leder av serveringssted
Retningslinjer Orientering om etablererprøven (rundskriv)
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen vil leggje til rette for at du kan ta etablerarprøven. Opplysningar om læremateriell til etablerarprøven får du i kommunen. Sjå også lenke under Brosjyrer, dokument, kart og liknande. Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.
|
Sakshandsaming
Når du har klart etablerarprøven, vil kommunen skrive ut eit bevis.
|
Saksbehandlingstid
Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har motteke melding om at du ønskjer å ta prøven.
|
Høve til å klage
Det er ikkje høve til å klage, men du kan ta prøven om att.
|