Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Etablerarprøven for serveringsverksemd

Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må dagleg leiar av serveringsstaden ha klart etablerarprøven. (Dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkohollova.)

Etablerarprøven skal sikre at den som er ansvarleg for serveringsstaden, har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgjeving som har noko å seie for drifta. Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har mottatt melding om at du ønskjer å avleggje prøven.

Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette. Ta med gyldig legitimasjon.

Målgruppe

Dagleg leiar i ei verksemd som har eller søkjer om serveringsløyve

Pris for tenesten

For å ta prøva, må du betale eit forskotsgebyr til kommunen på kr 400,-.


Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Altinn - Læremateriell til etablererprøven
Serviceerklæring
Regelverk

Forskriftar
Forskrift om etablererprøve for daglig leder av serveringssted

Retningslinjer
Orientering om etablererprøven (rundskriv)
Praktiske opplysningar