Dersom du skal servere mat/drikke som næring, må du ha serveringsløyve. Dersom det gjeld servering av alkoholhaldig drikk, mot ei eller anna form for betaling, må du ha skjenkeløyve. Skjenkeløyve må du ha, anten det gjeld næring eller ikkje. Ambulerande skjenkeløyve kan du få om du søkjer alkoholservering i eit slutta lag. Dersom du søkjer alkoholservering for andre arrangement, kan du få løyve til skjenking for enkelthøve. Daglegvarebutikkar som skal selje alkoholhaldig drikk, må ha salsløyve for alkohol.

Internkontroll etter alkohollova - Orientering