Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Familievernkontor

Familievernkontoret gir deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling 

  • ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år
  • når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/barna eller samvær

Det er familievernkontor i alle fylka. Dei er anten statlege eller kyrkjelege, men det same lovverket gjeld for alle og det er Barne- , likestillings- og inkluderingsdepartementet som godkjenner dei. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt.P>

Målgruppe

Enkeltpersonar, par og familiar – unge og eldre

Pris for tenesten

Tilbodet er gratis.


Samarbeidspartnarar

Familievernkontoret samarbeider med helsestasjonane i sitt distrikt, særleg om fødselsførebuande kurs og kurset for nybakte foreldre, ”Godt samliv” (sjå eiga tenesteomtale - Samlivskurs). Der det er aktuelt og når familien sjølv gjev samtykke til det, samarbeider familievernkontoret med det kommunale barnevernet for å finne gode tiltak for heile familien. Familievernkontoret samarbeider òg med skolar, sosialkontor, frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og liknande.

Regelverk

Lover
Barnelova § 51
Ekteskapsloven § 26
Familievernkontorloven