Farleg avfall |
|
Kommunen skal sørgje for at det finst mottak for farleg avfall frå hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall. Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan føre til alvorleg forureing eller skade på menneske og dyr.
Eksempel på farleg avfall frå hushald er:
- Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
- Oppladbare batteri (finst eiga returordning for)
- Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
- Materiale som inneheld asbest
- Isolerglassruter som inneheld PCB (finst eiga returordning for)
- Impregnert trevirke
- Ulike elektroniske og elektriske produkt (finst eiga returordning for)
Når du leverer farleg avfall, så pass på at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet.
|
Målgruppe
Hushald og verksemder
|
Kriterium/vilkår
Kommunen si plikt avgrensar seg til å motta inntil 400 kg totalt per år per avfallseigar. I tillegg har kommunen plikt til å motta inntil 500 kg PCB-haldige isolerglassruter per år per avfallseigar.
|
Pris for tenesten For hushald er det gratis å levere farleg avfall fordi kostnader som er knytta til dette skal dekkjast over renovasjonsavgifta. Verksemder må betale gebyr ved levering av avfallet.
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Dette er ei lovpålagd teneste, sjå avfallsforskriften kap. 11. Vedlegg 1 til kapittel 11 definerer kva for avfallstypar som er farleg avfall.
Forskriftar Avfallsforskriften
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Miljøstasjonen i Breivika er open måndagar kl 1500 - 1800.
|