Følgjebevis for funksjonshemma |
|
Følgjebeviset er eit kort som blir skrive ut til den funksjonshemma. Følgjebeviset skal gje den som følgjer den funksjonshemma, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og visse transportmiddel.
|
Målgruppe
Funksjonshemma
|
Kriterium/vilkår
Det blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden, og ordninga er ikkje avhengig av om vedkommande mottar trygd. Nedre aldersgrense for søkjarar er normalt åtte år.
|
Pris for tenesten
Følgjebeviset er gratis.
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Statens råd for funksjonshemmede har informasjon om ordninga. Ledsagerbevis
|
Samarbeidspartnarar
Offentlege og private arrangørar av arrangement og nokre hotell og transportselskap.
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.
Lover Forvaltningsloven
Retningslinjer Følgjekort for funksjonshemma - rettleiande nasjonale retningsliner
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om følgjebevis.
|
Skjema Følgjekort for funksjonshemma - søknadsskjema
|
Vedlegg
Passfoto skal leggjast ved.
|
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Dersom det er bruk for det, kan det innhentast fråsegn frå anten fastlege, legespesialist, offentleg godkjend helseinstitusjon eller helse- og sosialetaten i kommunen om den funksjonshemma sitt behov for følgje.
|