Fellingsløyve |
|
Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr, villrein og bever blir tildelt godkjente vald (det geografiske området der jakta skal vere) utan årleg søknad. For småvilt - med atterhald for bever - blir det ikkje kravt fellingsløyve.
Grunneigarar kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for vald som er godkjende for jakt på elg og/eller hjort. Kommunen skal godkjenne planen og gjev i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. For villrein er det villreinnemnda som godkjenner bestandsplanen. Godkjende villreinvald får fellingsløyve for kvart jaktår.
|
Målgruppe
Grunneigarar/jaktrettshavarar
|
Kriterium/vilkår
Det må liggje føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr, villrein eller bever. Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr.
Sandøy viltnemnd har fastsett minstearealet for Harøy jaktvald og Søndre Harøen jaktvald.
|
Pris for tenesten
Det er ikkje fellingsavgift for rådyr og bever. Kommunen fastset fellingsavgift for elg og hjort, og Direktoratet for naturforvaltning fastset fellingsavgift for villrein.
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Direktoratet for naturforvaltning
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Viltloven § 16 og § 40 andre leddet
Lover Forvaltningsloven Viltloven
Forskriftar Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever Forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Ein skal ikkje søkje om fellingsløyve. Kommunen (eller villreinnemnda) skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til den valdansvarlege representanten. Finst det ein godkjend bestandsplan, blir alle fellingsløyva skrivne ut første året for heile bestandsplanperioden. Dette gjeld ikkje for villrein, der fellingsløyvet i alle høve blir skrive ut for kvart jaktår.
|
Søknadsfrist
Endring av minsteareal for valda er 1.april
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Viltnemnda
|
Høve til å klage
Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det teljande arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak kommunen har gjort, og Direktoratet for naturforvaltning for vedtak som villreinnemnda har gjort. Før klagen blir sendt, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får fullt medhald, vil saka gå vidare til klageinstansen.
|