Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Fellingsløyve

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr og villrein blir tildelt godkjente vald (det geografiske området der jakta skal vere) utan årleg søknad. For småvilt - med atterhald for bever - blir det ikkje kravt fellingsløyve.

Dåhjort kan jaktast på i heile landet uavhengig av minsteareal, kvote eller godkjent vald.

Grunneigarar kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for eit vald eller eit bestandsområde som er godkjend for jakt på elg og/eller hjort, og som disponerer eit areal på minimum 20 gonger minstearealet. Kommunen skal godkjenne planen og gjev i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. For villrein er det villreinnemnda som godkjenner bestandsplanen. Godkjende villreinvald får fellingsløyve for kvart jaktår.

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Kriterium/vilkår

Det må liggje føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr eller villrein for å få fellingsløyve. Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr.

Sandøy viltnemnd har fastsett minstearealet for Harøy jaktvald og Søndre Harøen jaktvald.

Pris for tenesten

Det er ikkje fellingsavgift for rådyr. Kommunen fastset fellingsavgift for elg og hjort, og Direktoratet for naturforvaltning fastset fellingsavgift for villrein.


Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Direktoratet for naturforvaltning
Serviceerklæring
Regelverk

Viltloven § 16 og § 40 andre leddet



Lover
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 16 Fellingstillatelse på hjortevilt og bever – minsteareal
Lov om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 40 Kontroll med betalt jegeravgift

Forskriftar
Forskrift om forvaltning av hjortevilt
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Godkjente vald treng ikkje å søkje om fellingsløyve. Kommunen (eller villreinnemnda) skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til den valdansvarlege representanten. Finst det ein godkjend bestandsplan, blir alle fellingsløyva skrivne ut første året for heile bestandsplanperioden. Dette gjeld ikkje for villrein, der fellingsløyvet i alle høve blir skrive ut for kvart jaktår.

Søknadsfrist

Endring av minsteareal for valda er 1.april

Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy

Sakshandsaming
Viltnemnda
Høve til å klage

Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det teljande arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak kommunen  har gjort, og Direktoratet for naturforvaltning for vedtak som villreinnemnda har gjort. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får fullt medhald, vil saka gå vidare til klageinstansen.