Finnøya  Finnøya[ 2]
Finnøya[ 1]  Finnøy hamneområde
 
 
Areal: 0,77 km2
Folketal: om lag 100
Næringsliv: Industri, turisme, jordbruk
 
I 1972 vart moloen og bruspennet mellom Finnøya og Harøya opna for køyrande, syklande og gåande ferdsel, eit sambandsprosjekt som seinare skulle vise seg å legge grunnlaget for ei relativt storstilt utvikling. Turistanlegget Finnøy Havstuer, opparbeiding av ei velrenommert småbåthamn og tilhøyrande sørvisbygg, badelandet Håp i Havet, bustadfelt som snart er utbygd, Finnøy Gear og Propell, vidareføringa av det historiske industriikonet Finnøy Motor, i sum eit særmerkt lyft for dette øysamfunnet.
I tillegg er det, på vestsida av øya, under planlegging eit byggefelt for både fritidsbustader og bustadhus.
Litt tilbaketrekt for den allmenne ferdsel, er det reist ein minnestein over dei første som busette seg her, Samel Sandøy og Nils Olsson Sandøy, som rydda seg plass til liv og heim frå 1864.