Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Politikk > Formannskap

Formannskapet 2007 -2011

Sandøy kommunestyre vedtok i 2003 å forenkle den politiske utvalsstrukturen. Før den tid fanst det 3 fagutval, helse- og sosialstyre, teknisk styre, skule- og kulturstyre.
Etter omlegginga har formannskapet fått tillagt desse utvala sine forvaltningsoppgåver.
I tillegg har utvalet fullmakt som planutval, trafikknemnd og likestillingsnemnd.

Kommunelova beskriv formannskapet sitt ansvar og verksemd slik:

 

Kommunestyret vel sjølv formannskap på minimum 5 medlemmar.

Medlemmar og varamedlemmar til formannskapet vert valt for fire år av og blant medlemmane av kommunestyret.

Formannskapet behandlar forslag til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak.

For øvrig fastsett kommunestyretsjølv områda for formannskapet si verksemd.

Formannskapet kan bli tildelt avgjerslemynde i alle saker der ikkje anna følgjer av lov.

 

Sandøy kommunestyre har 5 representantar som i inneverande valperiode fordeler seg slik:

  

Oddvar Myklebust (Ap)  - ordførar

John Melvin Husøy (H) - varaordførar

Ann Helen Harnes (Ap)

Elisabeth Marøy (V)

Malvin Harnes (H)

 

Reglement for Sandøy formannskap og Sandøy kommunestyre, gjeldande frå 16.02.05