Forskottsskatt og arbeidsgjevaravgift |
|
Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), skal du betale utskriven forskottsskatt. Det same kan gjelde dersom du er deltakar i ansvarleg selskap og kan vente del av skattbart overskot frå selskapet. Vidare kan det gjelde personlege skattytere dersom dei har større inntekter som det ikkje er teke omsyn til i det forskottstrekket dei har i lønsinntekta. Dersom du får utskreven forskottsskatt, får du tilsendt innbetalingsblankettar fire gonger i året. Den forskottsskatten som er utskriven, er utrekna på bakgrunn av likningsresultatet førre året. For at nye enkeltpersonføretak og deltakarar i ansvarlege selskap skal få utskreven forskottsskatt og tilsendt innbetalingsblankettar, må dei melde frå til skattekontoret om verksemda og fortelje kor stort overskott (eller underskott) dei ventar seg det første året.
Betaling skjer til bankkontoen til skatteoppkrevjaren. Innbetaling via bank kan skje elektronisk eller ved bruk av dei tilsende innbetalingsblankettane. Ved elektronisk betaling skal KID-nummeret førast opp saman med betalingsoppdraget. KID-nummer kan ein òg få ved å vende seg til skatteoppkrevjaren eller på www.skatteetaten.no.
Ved utelaten betaling påløper forseinkingsrenter frå forfallet og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, kan skatteoppkrevjaren iverksetje tvangsinnfordring og kostnader kan påløpe etter rettsgebyrloven.
Dersom du ikkje er samd i fastsetjinga, må du sende søknad om endring av utskriven forskottsskatt til skattekontoret.
|
Målgruppe
Personar som driv sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), deltakarar i ansvarleg selskap og eventuelt andre skattytere som får utskreven forskottsskatt
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
Samarbeidspartnarar
Frå 1. januar 2008 er Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret blir samla i éin organisasjon regionalt: skattekontoret.
Skattekontoret fastset kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kemnar/ kommunekasserar) tar seg av innbetalingar og innkrevjing.
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Lover Skattebetalingsloven
|
| Praktiske opplysningar |
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|