Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen

Forvaltninga av hjortestammen i Sandøy kommune

Vi har over dei siste åra hatt ein veksande hjortestamme i Sandøy kommune, og det vart i 2002 opna for jakt på hjort i kommunen.  Dette gjer at det etterkvart har blitt danna 2 stk. jaktvald på Harøya, som er den største øya i kommunen. Desse er Harøy Jaktvald og Søndre Harøens Jaktvald.

Vedtak om ny lokal forskrift om minsteareal for jaktvald i kommunen er vedteken av Viltnemnda i møte 16. april 2007. Denne vert gjort gjeldande frå det tidspunkt den er kunngjort på dei vanlege stadane, og er  tilgjengeleg m.a. på Lovdata, som du kan sjå med å klikke her.

Forskrift om jakttid på hjort