Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Fosterheim

Fosterheim er private heimar som tar imot born til oppfostring på grunnlag av barnevernstenesta si avgjerd om hjelpetiltak eller i samband med omsorgsovertaking. Fosterborn er forskjellige, og det trengst difor forskjellige familiar. Den kommunen som fosterheimen ligg i, har ansvaret for godkjenning og tilsyn av heimen. Det statlege, regionale barnevernsmyndet (Bufetat) har ansvar for den nødvendige opplæringa.

Målgruppe

Personar som har særleg evne til å gi born ein trygg og god heim, og som kan løyse oppfostringsoppgåvene i samsvar med dei føresetnadene som er lagde til grunn om lengda på opphaldet m.m.

Kriterium/vilkår

Fosterforeldra skal alltid nøye vurderast opp mot det individuelle behovet som fosterbarnet har. Dei viktigaste krava er at fosterforeldra er i ein stabil livssituasjon med eit sosialt nettverk rundt seg og trygg lokal forankring, uansett om dei er sambuarar, einslege eller gifte.

Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande

På denne nettstaden kan du finne fleire opplysningar om fosterheimar. Fosterheim.no er eit samarbeid mellom Barne-, ungdoms- og familieetaten, Oslo kommune, Barne- og familieetaten, og Trondheim kommune, Omsorgsenheten for barn og unge http://www.fosterhjem.no/.


Barnevernets hjemmeside
Samarbeidspartnarar
VAKTTELEFON FOR FOSTERFORELDRE I MIDT-NORGE tlf. 466 17 410
Bufetat region Midt-Norge(Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal) har
ein felles vakttelefon for alle fosterforeldre som har behov for rettleiing i ei akutt krise.
 
Vakttelefonen er betjent etter ordinær arbeidstid (15.30-08.00), i helger og alle høgtider.
 
Vakttelefonen kan brukast når fosterforeldre kjem i situasjonar som er særleg utfordrande og har behov for nokon å snakke med.
Dei som betjener vakttelefonen har barnevernfagleg kompetanse og vil gje råd og rettleiing og eventuelt henvise vidare til legevakt, politi eller kommunal barnevernvakt om det er behov for det.
 
Vakttelefon for fosterforeldre inneber ingen endring i oppgåve og ansvarsforhold mellom kommunalt og statleg barnevern.
 
Ønskjer du mer informasjon om Vakttelefonen kan du vende deg til fagteam og fosterhjemstenesta i ditt område.
Serviceerklæring
Regelverk

Lover
Barnevernloven kap. 4
Barnevernloven § 4-12 - vedtak om å overta omsorgen for et barn
Barnevernloven § 4-14 - plasseringsalternativer etter vedtak om omsorgsovertakelse
Barnevernloven § 4-22 - fosterhjem
Barnevernloven § 4-23 - formidling av fosterhjem.
Barnevernloven § 4-4 - hjelpetiltak for barn og barnefamilier
Barnevernloven § 4-7 - barn som foreldrene selv plasserer utenfor hjemmet

Retningslinjer
Fosterhjem (retningslinjer fra BFD)
Fosterhjem og fosterhjemsavtalen
Rutiner til fosterforeldre - Forebygging og håndtering av mistanke om seksuelle overgrep
Praktiske opplysningar