Sandøy kommune fekk ny heimeside fredag 13. januar.

På den nye heimesida vil vi vise fram for alle kor fint det er i Sandøy kommune. Vi vil difor arrangere ein fotokonkurranse, der vinnaren får heider og ære ved at biletet vert brukt på framsida til kommunen si heimeside!

Fleire motiv frå heile kommunen, og fleire årstider er ynskjeleg.

Send bilete til post@sandoy.kommune.no

Kriterier:

- Høg oppløysning (ca. 2500 x 500 pikslar) (sjå eksempelbiletet som ligg på forsida)

- Du må tillate kommunen å bruke biletet

- Biletet skal ikkje vise gjenkjennbare personar

Frist: måndag 10. april