Sandøy kommune har med heimel i Plan- og bygningslova § 12-12, i K-sak 2019/80, eigengodkjent reguleringsplan for vestre del av Finnøy Småbåthamn slik den går fram av plankart med tilhøyrande føresegner datert 07.05.2019.

 

Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker frå denne kunngjeringa, jf. §1-9 i plan- og bygningslova, samt kapittel IV i forvaltningslova.

 

Eventuelle krav om erstatning/innløysing etter §15-2 i plan- og bygningslova må settast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa.

 

Eventuelle merknader må vere skriftlege og sendt Sandøy kommune innan 08.11.2019.

 

Dokumenta ligg her: https://innsyn.onacos.no/sandoy/wfinnsyn.ashx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2019004051&