Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Førehandskonferanse

Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som tiltakshavar (byggherre) og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som du sjølv kan søkje kommunen om løyve til, kan du møte kommunen åleine. For tiltak som krev at du engasjerer eit firma til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), bør du ha med deg firmaet til møtet. Kommunen har ansvar for å føre referat frå førehandskonferansen. Du og kommunens representant skal underteikne referatet ved slutten av møtet. Førehandskonferansen skal vere halde før ein eventuell søknad blir sendt til kommunen.

Målgruppe

Alle som skal setje i gang tiltak etter plan- og bygningslova

Kriterium/vilkår

Kommunen har plikt til å halde førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar, eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ønskjer det. Kommunen kan òg krevje at det blir halde førrhandskonferanse.

Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjon frå regelverket.

Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Direktoratet for byggkvalitet
Serviceerklæring
Regelverk

Lover
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 21-1 Forhåndskonferanse

Forskriftar
Forskrift om byggesak § 6-1 Forhåndskonferanse
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Ta kontakt med kommunen for nærare avtale. Førehandskonferanse skal haldast seinast to veker etter at du har bede om det.

Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy