Frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hòltakingsverksemd - godkjenning |
|
Forskrifta om hygienekrav skal sikre tilfredsstillande hygieniske forhold og førebyggje overføring av smittsame sjukdommar gjennom verksemda. Lokale i tatoverings- og hòltakingsverksemder skal godkjennast av kommunen. Frisør- og hudpleieverksemder må oppfylle dei same hygienekrava, men treng inga godkjenning, berre melding. Verksemdene må meldast til kommunen ved oppstart, ved utviding eller ved vesentlege endringar.
|
Målgruppe
Personar som ønskjer å starte, overta eller flytte frisørsalong, hud- og fotpleiesalong, solstudio, tatoverings- og hòltakingsverksemd.
|
Kriterium/vilkår
Det blir stilt bestemte krav til
- lokala
- rutinar for internkontroll
- rutinar for å unngå smitteoverføring
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
Samarbeidspartnarar
Kystlab AS
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Lover Folkehelseloven - kapittel 3 (miljørettet helsevern) Smittevernloven
Forskriftar Forskrift om hygienekrav for frisør-...
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om godkjenning eller å utarbeide ei melding.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Kommunen vil vurdere om ei synfaring er nødvendig. Kommunen kan granske verksemda, påleggje å rette forhold ved verksemda eller stanse ho. Tvangsmulkt kan ileggjast i samsvar med follkehelselova § 15. Dersom vilkåra ikkje blir overhaldne, kan godkjenninga trekkjast attende.
|
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle søknad om godkjenning så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
|
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har motteke vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.
|