Vi har difor utarbeidd ei undersøking som skal vere med på å danne grunnlaget for arbeidet med frivilligheita på eit regionalt nivå. I tillegg ønsker vi å skape oss ei betre oversikt over kven dei frivillige laga og organisasjonane i fylket er, og kva behov dei har.

Mellom anna kan de vere med å påverke kva som skal vere tema på møteplassar dei neste åra, og kome med innspel på kva rolle vi som fylkeskommune bør ta opp mot frivillig sektor.

Undersøkinga er retta mot lokale og regionale organisasjonar, og er også sendt ut til dei regionale organisasjonane som er tilskotsmottakarar hos fylkeskommunen. Vi ber difor om at kommunar vidaresender denne e-posten til sine lokale lag. Det kan hende at lokallaga allereie har fått og har svart på undersøkinga frå sine regionalledd, og då treng dei ikkje svare igjen.

Dersom ein er kontaktperson for fleire organisasjonar, kan ein svare på undersøkinga fleire gongar, for kvar enkelt organisasjon.

Undersøkinga finn de her:

https://response.questback.com/mreogromsdalfylke/qfnghtfhvv

 

Førebelse resultat vil forhåpentlegvis verte publiserte på FrivilligFORUM 22.juni. Informasjon om, og påmelding til FrivilligFORUM finn de her:

https://mrfylke.no/Kalender/(event)/947229

Undersøkinga tek om lag 10 minutt å svare på. 

Vi håper de tek dykk tid til å svare!

 

Undersøkinga vil ligge open til og med fredag 22. juni.

qSEbYYbC 6gAAAABJRU 5ErkJgggA=