Frådeling av eigedom |
Ønskjer du å dele frå ei tomt eller opprette ein festegrunn for meir enn 10 år, må du søkje kommunen om løyve. Det er ikkje nødvendig med slikt løyve for deling som skjer som ledd i eit jordskrifte som skjer i tråd med ein rettsleg bindande plan. Eit slikt løyve er trinn 1 i ein saksbehandlingsprosess der trinn 2 er å halde ei oppmålingsforretning der den nye eininga får eige gards- og bruksnummer (matrikkelnummer).
Ved delinga må det ikkje kome til forhold som strir mot plan- og bygningslova eller vedtekter som er gjorde etter lova. Difor er krava til søknaden og saksbehandlinga i kommunen den same som for byggjesøknader. Skal du søkje om frådeling for ei ekstra bustadtomt i hagen, må kommunen ta stilling til om det er mogleg å byggje eit bustadhus av normal storleik og standard på den nye parsellen. |
Målgruppe
Blant andre desse kan krevje ein delingssøknad:
- Grunneigarar
- Den som gjennom retttskraftig dom er kjent som eigar til den delen av eigedommen som ein ønskjer frådelt
- Den som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste
|
Kriterium/vilkår
For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjent av kommunen. Desse kriteria må vere oppfylte:
- Det må vere sendt varsel til naboane (sjå eiga tenesteomtale)
- Tomtedeling må møte alle krava til byggjetomt i plan- og bygningslova, for eksempel krav til veg, vatn og avløp
- Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
|
Pris for tenesten Gebyrregulativ for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova |
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Statens bygningstekniske etat
|
| Regelverk |
Lover Plan- og bygningsloven § 20-1 Plan- og bygningsloven § 21-2 sjette ledd Plan- og bygningsloven § 26-1
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Søknaden om deling av eigedom skal vere skriftleg. Søkjaren må føre opp korleis han ønskjer at delinga skal utførast. Søkjaren må også leggje fram eit forslag til grensegangen som er teikna inn på kart. |
Skjema Byggsøk Bygning
|
Søknadsfrist
Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn. |
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy |
Saksbehandlingstid
Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.
Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og fråsegner frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane. Har det kome protestar frå naboar/gjenbuarar, skal kommunen òg behandle saka innan tre veker. I slike tilfelle kan ikkje løyvet reknast for gjeve dersom kommunen ikkje har gjort vedtak innan fristen. |
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til kommunen. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Rett klageinstans er Fylkesmannen. Før ein sender klagen dit, skal kommunen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Blir vedtaket ståande, vil saka bli send til Fylkesmannen. |