Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Einingar og tenester > Omsorgstenester > Heimetenester > Funksjonhemma

Funksjonshemma

 1people 006 thumb  Omsorgstenester har ansvar for tiltak for funksjonshemma i Sandøy Kommune. Deltenesta koordinerar og tenesta, og bistand til mennesker med funksjonshemming under 18 år.
 

Kontakt informasjon
 
Leiar, Ann Kristin Røyset
71 27 75 80 tlf.
 
92 26 79 52 mobil
 

 
Målgruppe:
Omsorgstenester har ansvar for tiltak for funksjonshemma i Sandøy  Kommune. Deltenesta har og ansvar for koordinering av tenesta, og bistand til menneske med funksjonshemming under 18 år.
Ein har her samla fleire tenester i eitt.   Målgrupper her kan vere yngre og eldre, dei med behov for tenester eller pårørande, nærpersonar som yt omfattande omsorgsarbeid for nærpersonar.
 
Det er ei fagleg vurdering av behovet som avgjer kva tenester ein har rett på. Nokre av desse tenestene er ikkje lovpålagde, og kommunen tek her og omsyn til kommuneøkonomi i tildeling.
Her følgjer nokre av tenestene under funksjonshemma området. I tillegg kjem ordinære tenester som heimesjukeple, praktisk bistand m.v.

Støttekontakt:

Støttekontakt kan vere eit tiltak i forhold til barn, unge og vaksne med psykiske problem, yngre og eldre funksjonshemma. Støttekontakta si viktigaste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid.
 

Omsorgsløn:
Utgangspunktet for omsorgsløn er at ein nærståande person påtek seg eit omsorgsansvar utover det som er vanleg. "Særlig tyngande omsorgsarbeid" - det vert her stilt krav til at omsorgsoppgåvene må vere av ei viss varigheit og eit omfattande omfang.
Det er opp til kommunen sitt frie skjønn å vurdere om omsorgsløn skal ytast, og i tilfelle for kor lang tid og kor stor løna skal vere. Ingen kan gjere krav om omsorgsløn, jf. sosialtenestelova §§ 4-3 og 4-2.
 
Avlastning:
Kommunen kan bidra med ulike former for avlastning for dei som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid, både i og utanfor institusjon.
 
Brukarstyrd personleg assistent:
Ei ordning som kjem i tillegg til det ordinære hjelpeapparatet. Brukar/ nærpersonar fungerar her som arbeidsgjevar.
 
Korleis gå fram?
Ein kan søkje på tenester, ved å ta kontakt med Omsorgstenester, eller laste ned søknadsskjema. Søknad vert å sende til :
 
Sandøy kommune
Omsorgstenester
6487 Harøy
 
Saksgang
Saksbehandlar hentar inn naudsynte opplysingar og vedtak blir fatta. Saksbehandlingstida er inntil tre - 3 - veker.
Vedtaket kan påklagast. Du har rett til å sjå dokumenta i saka i samsvar med Forvaltningsloven §§ 18 og 19. Dersom du har behov for bistand med å utforme klage, kan du få hjelp til dette av tilsette i omsorgstenester/ kommunen.