Det er utarbeidd forslag til reguleringsplan for fortau langs FV 207 på Steinshamn. Saka vert lagt fram til eigengodkjenning.

Kommunestyret har i medhald av Plan- og bygningslova §12 mynde til å eigengodkjenne reguleringsplanar. I denne saka er det ikkje motsegner, og kommunestyret kan eigengodkjenne planen.

I tråd med plan- og bygningslova § 12-12 tredje ledd kan kommunestyrets endelege vedtak om reguleringsplan påklagast til fylkesmannen jf. plan- og bygningslova §1-9. Klagefrist er tre veker frå kunngjeringssdato, og ei evt. klage skal sendast via Sandøy kommune.

 

Reguleringsplankart

Detaljregulering

Føresegner

Uttale til offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan

Planomtale