Det er Fylkesmannen som kallar inn dei fem kommunane til felles kommunestyremøte. Eit felles kommunestyremøte er nødvendig fordi Stortinget 8. juni vedtok at Haram går inn i nye Ålesund på tvers av lokalt vedtak. Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund har frivillige vedtak.

Det felles kommunestyret blir halde på NMK (Norsk Maritimt kompetansesenter) i gamle Ålesund, 21. juni klokka 15. – 22.00.

Program

15.00 – 17.00: Felles kommunestyremøte med drøftingar. Kommunane sit kommunevis. Det skal ikkje treffast vedtak i det felles kommunestyremøte, møtet er av prosessleiande karakter.

17.00 – 19.00: I forlenging av fellesmøtet blir det gjennomført separate kommunestyremøte der kvart kommunestyre formelt handsamar drøftingssakene. Alle blir sittande i salen under begge møta til alle kommunestyra er ferdige.

19.00 – 22.00: Sosial markering med servering, kulturelle innslag og talar.

Følg møtet

Møtet er eit politisk møte, så det vil vere mogleg å vere til stades. Møtet blir også overført direkte på nettsida nyealesund.no og andre nettstader. Meir informasjon vil kome nærmare møtet.

Saker

Saker som må drøftas på det felles kommunestyremøtet:

  • Forslag til namn på den nye kommunen
  • Talet på medlemmer i det nye kommunestyret
  • Kriterium for samansetting av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i inndelingslova
  • Val av revisor for verksemda i fellesnemnda
  • Opprettinga av eventuelt andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga

 

Innkalling frå Fylkesmannen til felles kommunestyremøte for nye Ålesund 21. juni 2017

Saksframlegg frå Fylkesmannen til det felles kommunestyremøte for nye Ålesund 21. juni 2017