W 01PDJw 7ea 1XvPIzWTYt 7WeLjzObOZTz 9eSHJTEIplyez 1DMmUhn 4Ai 4RIPof 4HvpFQPjrEELoAAAAASUVORK 5CYIIA

 

Fylkesmannens vurdering

Fylkesmannen har si samla vurdering lagt vekt på at søkarane på dei tre bebudde øyane Ona/Huysøy, Sandøy og Orten har kome med ein godt begrunna søknad. Innbyggarane peiker på at dei føler ei sterk tilknytning til Aukra og Molderegionen.

Resultatet frå innbyggarhøyringane som Fylkesmannen har gjennomført, viser eit stort fleirtal for overflytting til Aukra kommune.

Fylkesmannen vurderer at innbyggarane på Sandøya, Ona/Husøy og Orten vil ha kortere reisetid til kommunesenteret i Aukra enn til kommunesenteret i nye Ålesund. Fylkesmannen tar likevel omsyn til at kommunale tenester vil vere lokalisert på Harøya også etter at Sandøy kommune går inn i nye Ålesund. Reisetida/reiseavstanden til kommunesentra på Aukra og Harøya er noko ulik for dei tre busette øyane. For Orten er det kortare reisetid til Aurka enn til Harøya. For Ona og Sandøya er det lengre reisetid til Aukra enn til Harøya. Når det gjeld reisetid til nærmaste regionsenter, er det ikkje store forskjellar, men det er noko kortare reisetid til Molde enn til Ålesund.

For Sandøya og Ona/Husøya taler lenger reisetid og -veg til kommunale tenester på Aukra mot ei grensejustering, for Orten er det motsett. Fylkesmannen meienr at reiseavstanden til kommunale tenester må få ei viss vekt i vurderinga, men ikkje åleine kan vere avgjerande. Det må også takast hensyn til kva innbyggarane ser på som sin kvardagsregion. Søkarane viser til at dei brukar Molde som by framfor Ålesund. Fylkesmannen legg vekt på at søkarane definerer Romsdalsregionen som sin naturlege kvardagsregion.

Folketalet på øyane utgjer 5,5 av innbyggarane i Sandøy kommune og 0,01 % av innbyggarane i nye Ålesund. Fylkesmannen meiner at ei grensejustering ikkje vil påverke tenestetilbodet til dei andre innbyggarane.

Fylkesmannen har merka seg at Sandøy kommunestyre og fellesnemnda i nye Ålesund legg stor vekt på betydinga og verdien av å behalde havarealet rundt øyane. Det er Fylkesmannen si vurdering at ei eventuell grensejustering ikkje vil svekke den nye kommunen sitt næringsgrunnlag.

Fylkesmannens tilråding om grensejustering i Sandøy.

Vegen vidare

Fylkesmannen si tilråding og utgreiing går no vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet som skal avgjere saka.

Departementet vil kalle inn partane til eit møte før dei tar den endelege avgjerda. Avgjerda blir truleg tatt før sommaren.