Fysioterapi |
Tenesta er ein del av helsetilbodet i kommunen og blir gjeven i samband med førebyggjande helsearbeid og ved behandling av sjukdom eller skade. Tenesta kan hjelpe til med mellom anna:
- undersøkingar
- funksjonsutgreiingar / motorisk vurdering
- utforming og oppfølging av tiltak
- behandling
- gruppetrening
- rettleiing, informasjon og undervisning
|
Målgruppe
Personar som har eller som kan få vanskar med å klare daglege aktivitetar i samband med alder, funksjonshemming, sjukdom eller skade. |
Kriterium/vilkår
Fysioterapitenesta i kommunen eller legen din vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet. Du skal kunne få tilbod om tenesta uavhengig av om du bur heime eller på institusjon. |
Pris for tenesten
Trygda yter heil eller delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut. Stønad til fysioterapi blir gjeven berre dersom fysioterapeuten har avtale om driftstilskott med kommunen. Pasienten betaler eigendel avhengig av diagnose. Behandling og transport til behandling er gratis for born under 12 år. Vaksne og born over 12 år må betale eigendel inntil ein har nådd beløpsgrensa for frikort frå folketrygda, dersom diagnosen ikkje gjev rett til fri behandling.
|
| Regelverk |
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Forskrift om habilitering og rehabilitering § 7 og 8
Lover Folketrygdloven § 5-8 Helsepersonelloven Kommunehelsetjenesteloven § 1-3 Pasientrettighetsloven kap. 7
Forskriftar Forskrift for sykehjem... § 2-1 Forskrift om habilitering og rehabilitering Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende (...) § 2-1 Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi Syketransportforskriften
Retningslinjer Begrensninger i helsepersonells adgang til å motta gave ... (rundskriv)
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du kan motta tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Du kan òg få tilbod om fysioterapi i heimen dersom du av ulike årsaker ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk institutt. Ta da kontakt med kommunen. |
Send søknaden til
Sandøy fysioterapi
6487 Harøy |
Saksbehandlingstid Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje blir gjort vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det blir gjort eit vedtak i saka. |
Høve til å klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået. |